I begge idrettsgreinene handlar det om fart i sporet og presisjon på standplass. Men medan den eine samlar 4-500 løparar til ei norgescuphelg, er håpet hos arrangøren av Skifelt-NM å få ei startliste med 70 namn.
- Ja, det er ein liten idrett så det blir litt kontrast til det som skjedde på Ullsheim i helga, vedgår rennleiar Roy Cato Hopland i Nordbygda og Rand Skyttarlag. Dei skal arrangere NM helga 20.-21. februar.
Hopland er sjølv tidlegare skiskyttar og kjenner godt begge idrettane. At skifeltskyting ikkje kan seiast å vere den mest publikumsvenlege sporten, er nok ei viktig årsak til at skiskytinga har vunne i popularitet.
- På standplass er det vanskeleg for publikum å sjå om dei treff eller ikkje. Det er ikkje sjølvanvisarar som i skiskyting - men pappfigurar. Og avstanden er fleire hundre meter, forklarar Hopland.
Men om ikkje arrangøren av NM i februar forventar å bli nedrent av korkje publikum eller deltakarar, håpar dei at nokon finn vegen.
- Kome og prate med folk og kose seg, oppfordrar Hopland.