Eilert Hilde, Trondheim vert friteken frå buplikt på garden som han overtok i Innvik. Det er klart etter at eit samrøystes Stryn formannskap oppheva sitt tidlegare vedtak om å krevje busetnad på garden innan 2021.

I samband med at Eilert Hilde påklaga vedtaket om buplikt, vart det halde synfaring. Der ein etter å ha sett på bygningane konkluderte med at dei ikkje er av ein slik standard at det kan fremjast krav om busetnad på garden.