Det har vore svært god snøproduksjon ved Stryn Vinterski denne veka. Sidan søndag har snøkanonene gått jamt og trutt ved skisenteret på Bøanedsetra.

- Snøproduksjon i heistrasé og området nede er ferdig, no er det full fres på hovudtrasé, skriv vinterskien på si Facebook-side.  I følgje dagleg leiar ved vinterskien, Kåre Tonning, produserer dei heilt på grensa av kva som er forsvarleg.

- Vi bruker ca 40 kubikkliter vatn i timen. Meir tåler ikkje vassnettet til kommunen, då tømmer vi trykkbassenget heilt, seier han.

Store mengder snø ligg i heistraséen, no er det hovudtraséen som gjeld.

Tautrekket i helga -til fjerde mast neste helg

I flata ved skisenteret ligg store snøhaugar. I løpet av fredagen vil desse bli fordelt utover slik at tautrekket for dei minste ungane kan opnast.

- Laurdag og søndag blir Kongleriket-trekket ope, og vi satsar på å kunne opne skitrekket til fjerde mast neste helg, seier Tonning.

Klare til dyst: Trakkemaskinparken står klar ved skisenteret.