I Sogn og Fjordane har 100.000 dekar landbruksjord gått ut av produksjon.

– Dette må takast på alvor. Vi må få teke i bruk noko av arealet igjen, eller i alle fall sikre at vi ikkje misser meir, seier bondelagsleiar Anders Felde. 90 prosent av landbruksproduksjonen i fylket er avhengig av grovforproduksjon.

Kvar Vestlandslandbruket skal gå i framtida, var eitt av mange tema som vart belyst på den store bondesamlinga i Loen sist veke.

– Det er ikkje sagt at det finst ei løysing som høver for alle. Vi gjer alle våre eigne val. Men jobb nummer ein blir å behalde mjølkeproduksjonen på dagens nivå. Vekst på ammeku må også vere eit mål, sa bondelagsleiaren.Bondelaget vore med og bidrege til at det har vore satsing på ammeku i storfeprosjektet for Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

Svært viktig med grovfôr

I Sogn og Fjordane fordeler produksjonen i landbruket seg slik:

Mjølkeproduksjon 58 pst, ammeku 4 pst, sau 22 pst, mjølk geit 3 pst, svin 2 pst, egg 1 pst, frukt og bær 8 pst, grønsaker poteter korn 1 pst, pelsdyr 1 pst, birøkt 0,03 pst.I verdiskapinga i landbruket her i fylket er såleis bortimot 90 prosent av produksjonen knytt opp mot grovforproduksjon. Difor er det også svært viktig at det blir produsert grovfôr på det arealet som finst, både større og mindre areal. I Sogn og Fjordane har ein i dag 100 000 dekar landbruksjord som har gått ut av produksjon. – Det har vi teke på alvor, og det må vi synleggjere til politikarane. Vi må ha verktøy som gjer at vi får teke i bruk noko av dette arealet igjen, eller i alle fall sikre at vi ikkje misser meir areal, seier Felde.

Mjølkerobot som premiss

Mjølkerobot er eit tema i høve til at Sogn og Fjordane har mange små bruk i landsmålestokk.

– Ein kan seie det er for dyrt, at ein har for lite ressursar, men veldig mange vil ha ein mjølkerobot. Det må vi ta inn over oss. Veldig mange som skal inn i mjølkenæringa har som føresetnad at dei vil ha ein robot. Vi kan seie at dette kan vi ikkje ha på Vestlandet, for vi er for små. Men vi må ta inn over oss at dette er noko som triggar unge for at dei skal kome inn i næringa. Vi må vere klar over at dette er ein premiss for å få unge inn i næringa, sa Felde.

Passar ikkje i Sogn og Fjordane

I dag føregår ein stor del, over halvparten av produksjonen, i båsfjøs frå 70-talet. Dette betyr at det må store endringar til i løpet av dei næraste åra for å tilfredsstille krava om lausdrift.

– Investeringane i vårt fylke blir store. Vi tek eit kvantesprang frå 70-talet og rett inn i den framtidsretta mjølkeproduksjonen. Vi har dei minste kvotene i landet. I vårt fylke hadde vi i 2013 918 besetningar. 628 av desse hadde under 18 årskyr, 216 bruk hadde over 18 med gjennomsnitt på 24. Vi har berre eitt fylke under oss på statistikken når det gjeld areal. Skilnadane blir større og større, og regjeringa lagt opp til at det er dei største som skal stimulerast. Det passar ikkje Sogn og Fjordane, difor må det endringar til, sa bondelagsleiaren.