Den første kornølfestivalen i historia var noko ølbryggarar har venta på. Det er allereie bestemt at neste festival går av stabelen i Hornindal neste haust.

William Holden frå Sykkylven og Ståle Raftevold frå Hornindal står bak initiativet om å starte Norsk Kornølfestival med NM-kåring av kornøl.

– Ja, eg har vore primus motor saman med Ståle, men vi kunne ikkje gjennomført dette utan den flotte dugnadsgjengen som har stilt opp, fortel William Holden. Det har vore mange ølfestivalar kring om, men å samle ihuga ølbryggjarar frå heile landet, er noko nytt. Initiativtakarane satsar på at Norsk Kornølfestival skal bli en tradisjon til liks med ølbryggartradisjonen på gardane.

Kan bli stor

I år kom 15 bryggarar frå store delar av landet. I tillegg til alle dialektane frå Vestlandet, kunne ein høyre folk både frå Nordnorge, Sørlandet, Trøndelag og Austlandet.

– Dette kan bli større enn vi anar, seier Holden. Han fortel at arrangørane har blitt kontakta av representantar for eit øl- magasin i USA. Desse ynskjer å besøkje Hornindal neste haust.– Då skal vi, i tillegg til å ta imot på Kornølfestivalen, vise dei rundt i området, seir Holden og legg til at også personar frå europeiske land har vist interesse for ølbrygging med bruk av kveik.

Interessa har eksplodert

Interessa for heimebrygging av kornøl har nærast eksplodert dei siste to åra. William Holden trur årsaka er alle mikrobryggeri som har dukka opp.

Det er tradisjonell ølbrygging som fengjer dei som søkjer til kornølfestival.

– Det går fort. Ein kan brygge på tre – fire dagar. Bruk av kveik er brukt til gardsbrygging i lange tider, ein tradisjon som har halde seg godt. Kveik er ein samansett gjærsort som er utvikla gjennom århundre, forklarar Holden. Han trur ølinteressa har slektskap med det som har skjedd med nordmenn og bruk av raudvin.

– Før drakk ein seg full. No gjeld det å smake og nyte, meiner William Holden som sjølv er ihuga bryggar. Hovudingrediensen i kornøl er sjølvsagt korn. I tilegg kjem humle, einelåg (kokt eine), kveik (tradisjonsgjær) og vatn.

– Smaken varierer sjølv med dei same ingrediensane. Mellom anna kan vasskvalitet gje ulik smak. I 2016-modellen av kornøl brukar ein tildømes appelsinskal, nellik eller lakris for å skape sin eigen smak, forklarar William Holden som samlar troppene i slutten av oktober for å starte planlegging av Norsk Kornølfestival 2017 i Hornindal.