Nyhende →
Mann omkom i takras i Stryn
Det var 75 år gamle Odd Sætre frå Lauvstad i Volda som omkom då han var i ferd med å rydde eit hyttetak nær Stryn skisenter for snø måndag. Politiet fekk melding om ulukka klokka 13.44. Den omkomne blei teken av takras og delvis begravd i snømassane. Det var fleire til stades i området, men gjenoppliving viste seg å vere nyttelaust.