100 sendingar av Marling & Musikk har dei passert for lengst, og duoen har tidlegare sagt at dei går for 200 sendingar, minst!

Laurdag i lunsjtider dreg dei i gang jubileumssendinga med konkurransar, gjester og gode minne. Det blir prat med tidlegare gjester, og det blir sjølvsagt spelt mykje god musikk. Det vert også ope hus, der folk kan kome innom for litt kaffi og kake. På ettermiddagen kjem Verdsmannen Torbjørnsen og spelar live, før Odd Martin Mørk og Ove Andre Aarskog kjem i studio for å gjere stas på jubilantane.

– Alle som er interesserte i musikk er invitert for ekte marling og mingling, seier Johnny Hjelle og John Os.

– Musikk er helsebringande, spesielt god musikk. Og så er det kjekt å diskutere sjangerbegrep utan at ein treng å gå så djupt inn i det, seier Johnny Hjelle.

På spørsmål om kva som er favorittmusikken deira er Hjelle litt nølande:

– Det er vanskeleg å seie, men Elvis er kongen. Men akkurat no er In Flames blant favorittane mine.

John Os er derimot ikkje i tvil:

– AC/DC, enkelt og greitt!

Johnny Hjelle (t.v.) og John Os har lang fartstid bak seg i lokalradioen. Foto: Thomas Thaule