Stryn Lensmannskontor ønskjer å kome i kontakt med ein bilist i ein kvit bil, helst truleg ein mindre kassebil/varebil i samband med ein påkøyrsel ved rundkøyringa i Stryn sentrum litt før klokka 9 i dag. Bilen er beskrive som heilt kvit utan påskrift.
Det var ei ung jente som gjekk over gangfeltet mellom brua og rundkøyringa då den kvite bilen kom over brua og traff jenta. Bilisten stoppa og spurde jenta korleis det gjekk for så å køyre vidare frå staden.
- Vi ber om at føraren og eventuelle vitne til hendinga melder seg til lensmannskontoret på telefon 57873680 eller møter opp på staden, seier politiet til Fjordingen.
Jenta vart sendt til legevakta. Ho hadde uttrykte smerter, får vi opplyst.