I morgon skal ordførar Sven Flo og rådmann Per Kristian Storevik møte styreleiar Stig Oldeide og hamnedirektør Trond Garshol for å drøfte situasjonen som har oppstått etter at kommunestyret utsette signering av avtalen med Nordfjord Havn. Noko som har ført til stillstand når det gjeld reparasjon/forsterking på kaiområdet og anna arbeid som må gjerast før sesongstart.
- Eg har kalla inn til møte med leiinga i Nordfjord Havn fredag 8. januar. Der vil vi for det første drøfte og orientere om utsetjinga av saka i Stryn kommunestyre før jul. Det er viktig at dei forstår bakgrunnen for vedtaket. Frå mi side vil det bli sagt klart frå at ordføraren med dei justeringane som kommunestyret bad om, ønskjer å signere avtalen som gjev Nordfjord Havn full råderett over det landbaserte cruisearealet i Olden. Eit anna viktig tema for møtet med hamnedirektør Trond Garshol og styreleiar Stig Oldeide, er fullmakt til å starte opp nødvendig arbeid på kaiområdet. Her står tfordringane i kø, slår ordføraren fast.
Les meir om saka i papiravisa fredag.