Det nærmar seg avslutningsshow for Flo Aktiv i Stryn Kulturhus, der Dans og scenekunstgruppa skal vise fram dansenummera og teaterstykket dei har øvd inn i løpet av veka. I år som i fjor er det Torstein Tvinnereim (scenekunst) og Martine Evebø (dans) som har hatt ansvaret for desse gruppene. Dei kan love eit godt stykke med mykje latter og humor i.