Kommunestyra i Ørsta og Volda hadde fellesmøte i Loen førre veke, med den politiske toppleiinga i Stryn og Hornindal som gjestar og innleiarar. Fellesmøtet var bestemt ei god tid på førehand. Før møtet hadde ordførarane frå dei fire kommunane lagt bak seg eit felles møte på Grodås og deretter ein Oslo-tur der dei besøkte kommunalministeren for å drøfte mogleg kommunesamanslåing over fylkesgrensa. I Oslo fekk dei beskjed om at fylkesgrensa representerer mange utfordringar som må løysast, men statsråden var klar til å løyse utfordringane og gav beskjed om at fylkesgrensa ikkje skal vere til hinder for samanslåing.

Etter møtet uttalte ordføraren i Volda at det enklaste ville vere å slå saman Volda og Hornindal. Han gav klart uttrykk for at Hornindal kan løyse mange av Austefjorden sine behov innan skule, barnehage og eldreomsorg, medan Hornindal vil kunne få mange nye offentlege servicetilbod i Volda.

Ordførarane i Stryn og Hornindal gav begge uttrykk for at dei har større tru på samanslåing også over fylkesgrensa enn at berre Ørsta og Volda slår seg saman på den eine sida og Stryn og Hornindal på den andre. Med dette bakteppet hadde ordførarane i Stryn og Hornindal håpa på noko meir offensive og forpliktande signal særleg frå Volda etter Loen-møtet enn at Ørsta og Volda først og fremst skal arbeide med si eiga intensjonsavtale før dei ser over fylkesgrensa.

Etter å ha gått såpass offensivt ut som firspann etter Oslo-møtet, vil det vere eit gedigent mageplask dersom ein likevel skulle ende opp med to pluss to på kvar side av fylkesgrensa. Stryn og Hornindal oppmodar naboane i nord om å tenkje to parallelle løp samtidig, i staden for berre å konsentrere seg om eiga intensjonsavtale. Ordførarane ønskjer ikkje bli sette på vent og åtvarar mot ein totrinns rakett der del to av raketten aldri blir avfyrt.

Alle forstår at fire kommunar ikkje kan signere noko samanslåingsavtale no. Men meiner partane noko med det dei har sett i gang, bør dei også ta neste steg og utarbeide intensjonsavtale.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør