- Vi blir flådde dersom det skisserte opplegget for bompengar på fv 60 Olden - Innvik vert realitet. I eit 15-års perspektiv snakkar vi om utgifter på over ein halv million kroner. Det vil vere blodig urettferdig, seier Asle Nesdal til Fjordingen.

Familien bur i dag i Olden, men er i gang med husbygging på Frøholm.

- Når huset står ferdig neste år, vil vi pendle til arbeidsplassane våre i Loen og Olden. Benedicte (5) og Marco (2) som er fødde og oppvaksne i Olden, kjem til å halde fram på skule og barnehage der dei har sine venner og kjende. Vi er innstilte på mange køyreturar for at dei skal få vere med på ulike aktivitetar i Olden. Det gjer vi gjerne for at borna skal få gode tilbod. Men vi tykkjer det blir svært urettferdig og urimeleg dersom vi i tillegg skal måtte betale bompengar for å vere med på det som skjer i bygda, hevdar Asle Nesdal og Marita Gjerde.

Les meir i papirutgåva

Asle Nesdal, sambuar Marita Gjerde og borna Benedicte og Marco på Frøholm, der det er aktuelt med bom for innkrevjing av bompengar på fv 60 Olden - Innvik. Foto: Harald Vartdal