(NPK): Martine Røstad Sand (26) er kåra til Årets nynorskbrukar 2016. Ho har mellom anna omsett Facebook til nynorsk.

Prisen Årets Nynorskbrukar vert i år delt ut av Nynorsk kultursentrum for 16. gong. Martine Røstad Sand får prisen for innsatsen sin i arbeidet med å gjere det lettare og kjekkare å vere nynorskbrukar i dataspel og sosiale medium.

– Eg er svært overraska og glad over å bli tildelt denne prisen. Nynorsk har betydd veldig mykje for meg, og det er fint å sjå at arbeidet eg har lagt ned for å synleggjere det språket eg elskar, blir lagt merke til av andre, seier Sand i ei pressemelding.

Sand har æra for at Facebook også finst på nynorsk, og ho har omsett 27.000 ord. Nyleg var ho ferdig med å omsette dataspelet «Skuggemeisteren» utvikla av Sarepta studio, som var den første nynorske versjonen av eit Nintendo Wii U-spel.

Over femti kandidatar

I år var det 52 kandidatar å velje mellom til prisen. Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum seier at kandidatlista i år var sterk, men at styret ikkje var i tvil.

– Der mange snakkar, handlar Sand og omset både Facebook, dataspel og programvare. Ho gjer noko som påverkar den daglege bruken av nynorsk på eit område Nynorsk kultursentrum arbeider mykje med. Martine Rørstad Sand gjer det lettare å vere ung eller eldre nynorskbrukar i den digitale kvardagen, seier Grepstad.

Martine Røstad Sand kjem frå Sula kommune på Sunnmøre og er utdanna norsklærar. No bur ho på Hamar og studerer digital kommunikasjon og kultur ved Høgskolen i Hedmark – og i mai leverer ho masteroppgåva om bruk av dialekt på Facebook.

Prisen til Årets nynorskbrukar er på 100.000 kroner og vert delt ut under opninga av Dei nynorske festspela i Ørsta 23. juni. (©NPK)