I ettermiddag kom laguttaket til VM skiskyting i Holmenkollen som startar første veka i mars. Ikkje står Markane IL og Stryn for 40 prosent av den fem mann store herretroppen. Både Johannes og Tarjei skal sjølvsagt forsvare Norge si ære på heimebane.

Tarjei stod over stafetten

Og VM-formen er verkeleg på anmarsj for Johannes. Etter planen skulle dei to Bø-brørne avslutte dagens verdscupstafett, men i tolvte time valde Tarjei å gi plass til Erlend Bjøntegaard sidan han ikkje følte seg heilt pigg.

Kanonetappe

Men Johannes gjekk den tredje etappen som planlagt, og det på overbevisande måte. Bjørndalen gjekk første etappe og Birkeland veksla på ein fjerdeplass, dryge halvminuttet bak tet etter sin etappe. Det forspranget hadde Johannes henta inn til første skyting, og etter ein feilfri serie var det Norge som leia an i stafetten, ca fem sekund føre Sveits.

Ved neste standplassbesøk var leiinga auka til ca 18 sekund, og med ny glitrande skyting var det også avstanden ned til Russland ut på siste runden. Ved veksling hadde Johannes opparbeidd ei leiing på nesten halvminuttet til Norge.

Innhoppar Bjøntegaard fekk ei tøff oppgåve som ankermann, men klarte å halde laget inne på pallen -bak Russland som tok første og Tyskland på andreplass.