«Når det hastar, og når det verkeleg er alvor kan det å kome inn på eit lokalsjukehus rett og slett vere farleg i seg sjølv, og svært uheldig». Dette uttalte Hans Johan Breidablik, fagdirektør i Helse Førde, på morgonsendinga i NRK Sogn og Fjordane tysdag. Breidablik meiner i følgje NRK-oppslaget at det kan vere farleg å bruke Volda sjukehus.

NRK sin journalist stiller Breidablik følgjande spørsmål: «Så det å bli frakta til Volda, dersom ein har skade i buken eller indre blødingar, det kan eigentleg vere til skade?» Breidablik svarer: «For min eigen del så ville eg ha prøvd å protestere mot det så lenge eg var i stand til det, ja».

Breidablik sitt angrep mot Volda sjukehus kjem som tilsvar til Fjordingen si sak om Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel som meiner nordfjordingane må få same avtale om akuttkirurgi ved Volda som det i dag er for fødslar.

Det er temmeleg spesielt av ein fagdirektør i Helse Førde å kaste seg knallhardt inn i debatten om nordfjordingane sitt krav om få å nytte akuttkirurgien ved Volda sjukehus. Måten han gjer det på, ved rett ut å seie at det kan vere farleg å bruke Volda sjukehus, er mildt sagt oppsiktsvekkjande og bør føre til intern gjennomgang i korleis ein leiande person i eit helseføretak kan og bør uttale seg om eit sjukehus i nabohelseføretaket.

Breidablik har sjølvsagt rett i at større sjukehus ofte er rett adresse når ein pasient er livstrugande skadd. Likevel er det slik at eit rett bemanna lokalsjukehus i mange tilfelle kan stabilisere, i andre tilfelle behandle og gje livreddande hjelp. Slik dei har gjort i mange år. For nordfjordingane er det uakseptabelt med akuttkirurgi berre i Førde og Ålesund. Ulukker skjer ofte i dårleg ver. Då er det dårleg ver også for ambulansar og helikopter.

Breidablik bør be legane i Volda om orsaking for å ha rakka ned på dei og deira kompetanse. Det høyrer ingen stad heime av ein fagdirektør å føre debatt på ein slik måte han gjorde gjennom NRK.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør