Statssekretær i kulturdepartementet, Bjørgulv Vinje Borgundvaag, vil stå for den høgtidelege opninga av Norsk Countrytreff sin 21. festival.  Opninga finn stad på Opningskonserten torsdag 9.juli i Trivselshagen på Sandane.

- Det er svært gledeleg at statssekretæren kjem til Sandane for å opne festivalen, seier dagleg leiar Eva Hage Solstad i ei pressemelding.

- Norsk Countrytreff er det yngste medlemmet i knutepunktfamilien, og det er sjølvsagt viktig for oss å få vise fram festivalen til kulturdepartementet, legg ho til.

Under opningskonserten vert breidda innanfor country presentert.  I år står spelemannprisvinnar Claudia Scott på scena. Det gjer også m.a. amerikanske Billy Yates og The Darrel Webb Band, nederlandske Savannah, Vossabanda Twang Gang og The Vossa Rebels og vinnar av talentkonkurransen, Gunn Marit Kvåle frå Sogndal.

Med andre ord får publikum oppleve nokre av dei største countrysjangrane, men også musikkartar som kanskje er mindre kjende. Her står etablerte artistar og unge talent på same scene.  Her er internasjonale, nasjonale og regionale artistar.

Roger Allan Ivin er konferansier. Både fylkesordførar Åshild Kjelsnes og ordførar Anders Ryssdal vert til stades og helsar festivalen.

- Alt ligg til rette for ein høgtideleg og stemningsfull opningskonsert med god countrymusikk, avsluttar Solstad.