Til liks med Stryn Vinterski var det siste driftsdag i skisenteret i Hornindal måndag. Takka vere eit godt planneringsarbeid før sesongen, klarte dei totalt 64 driftsdagar trass snøfattig vinter og krevjande forhold.

- Vi har drive nesten heile sesongen på berre 40 cm snø, fortel driftssjef Amund Sverre Tomasgard.

Han seier seg nøgd med vinteren ut frå føresetnadane, men innrømmer at det ligg mykje jobb bak.

- Det har vore til tider utfordrande med stenging og opning. Men vi har jobba hardt og trakka snøen med det same den har kome. Og så har vi passa på å spare bakken når det har vore blautt og regna, fortel han.

Det var Langfredag som utmerka seg også i Grendadalen.

- Då var det 420 i trekket, mange i løypene og mange på topptur, seier Tomasgard.

Og utan at han sit på tala enno, ser det lovande ut for sesongen sett under eitt.

- Ja, vi har faktisk meir kortsalg i år enn i fjor så det blir bra alt i eitt.