Fredag var det gravearbeid på den nye Coop-tomta i Stryn, og mange undrast på om det var permanent byggjestart for det nye konseptet Coop Extra. Dette vert avkrefta av dagleg leiar i Coop Vest Eigedom A/S, Arild Meisterplass.

-Det dreier seg rett og slett om å grave prøvehol for å få meir svar på tidevatnet sin innverknad på tomta. Planen er å byggje parkeringskjellar under bygget, og med grunnarbeidet no, vil vi få nærare avklaring m.o.t byggjemåte og konstruksjon.

-Når vert spaden permanent sett i jorda?

-I allefall ikkje før på nyåret i 2014. Det er ennå ein jobb å gjere med prosjektering m.m. seier Meisterplass.

Coop-bygget er tenkt reist i tre etasjar, kvar med eit areal på 2.000 kvadratmeter. Kommunestyret i Stryn har no godkjent reguleringsendring innanfor planen som betyr at kombinert føremål trafikkområde, forret ning/kontor i gjeldande plan blir omregulert til kombinert føremål bustad/forretning/kontor.