Det var fleire som hadde merka seg denne datoen i cruiselista til Nordfjord Havn. Då skulle nemleg Bergens stoltheit, Statsraad Lehmkuhl, segle inn til Olden. Den 98 m lange tremasta stålbarken med ei mastehøgde på 53 m hadde nok vore eit spektakulært syn på vegen inn fjorden på ein strålande maidag.

Men alle som hadde gledd seg må nok smørje seg med tålmod ei stund til. Toktet vart diverre avlyst denne gongen, opplyser Sølve Oldeeide, driftsleiar ved Nordfjord Havn.

- Det var synd vi måtte avlyse besøket i Olden. Men vi håpar det byr seg ei ny anledning i nær framtid, seier dagleg leiar og direktør for Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl, Haakon Vatle, til Fjordingen.

Statsraad Lehmkuhl. Foto: Statsraad Lehmkuhl, Facebook