Helse- og sosialsjef Berit Wetlesen går i tilråding til Stryn formannskap inn for at kommunen seier ja til å busetje inntil sju flyktningar i tillegg til den ordinære kvoten på 25 i 2015. Det blir konkret synt til ein relativt stor bustad i Innvik som har plass for ein familie på inntil sju personar.

Stryn formannskap skal torsdag fatte vedtak som gjev svar på Barne-, likestilling og inkluderingsdepartementet si oppmoding om busetting av flyktningar. Dette på bakgrunn av at verda no står oppei den størte flyktningkatastrofen sidan andre verdskrig og at nabolanda til Syria har store vanskar med å klare den dramatiske folkeauken.

Stryn kommune sin handlingsplan legg opptil busetting av 25 flyktningar per år. I tillegg kjem evt. familiegjenforeningar. Per utgangen av mai har Stryn busett eller sagt ja til busetting av 25 konkrete personar i 2015, av desse 14 under 18 år.

- Stryn kommune har eit godt fungerande busettingsapparat og har bustadkapasitet til å takle auke på inntil sju personar i 2015, så samt det omfattar ein familie. Eit moment er også at born utgjer ei stor del av busettinga i 2015 og dermed mindre ufordring når det gjeld å skaffe arbeid etter at introduksjonsprogrammet er avslutta, heiter det i vurderinga til helse- og sosialsjefen i Stryn.