– Frå dressar og silkeskjorter til stål, det er litt av ein overgang?

– Om eg først skulle byte jobb, så ønska eg meg til ein heilt ny bransje der eg måtte tileigne meg fagkunnskap. Sjølv om leiingsoppgåver ikkje nødvendigvis er så ulike frå ein bransje til ein annan.Haugen har frå før hatt god kjennskap til Nomek gjennom vervet som styreleiar i dotterbedrifta Vendanor. – Eg ser på Nomek som ei spennande og innovativ verksemd, der eigarar og tilsette har klare mål om vidare vekst og utvikling. Akkurat det var ein grunnleggande faktor då eg takka ja, seier Haugen, som seier han likevel kjem til å følgje godt med på sin tidlegare arbeidsplass framover.

Haugen har vore dagleg leiar i Riccovero AS og Riccovero Detalj AS sidan 2006, og tilsett i verksemda sidan 2002.

– Etter 13 fantastisk engasjerande og lærerike år i Riccovero kom eg til eit lite vegskilje, der eg vurderte om eg skulle gå på ein ny «periode» i Riccovero med nye mål, eller om eg ønska meg heilt nye utfordringar. I 2014 passerte Riccovero for første gong 100 millionar kroner i netto omsetning, noko som har vore eit viktig mål både for bedrifta og meg, seier Sverre Magne Haugen, som bestemte seg for at tida for eit skifte var inne då tilbodet frå Nomek dukka opp.

Sakte framover!

Ny dagleg leiar hos Riccovero er Svein Ove Beheim frå Hafslo.

Han har bak seg mange år innan ulike butikkjeder, mellom anna som distrikts- og regionsjef og retailmanager, og har har økonomisk utdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. – Kva tankar gjer du deg om Riccovero som bedrift?– Riccovero er ei kjend merkevare og ei hjørnesteinsbedrift med lange tradisjonar innan kle og mote, og har solide røter i lokalsamfunnet. Bedrifta har dei siste åra hatt ein flott økonomisk vekst, og min viktigaste funksjon og oppgåve framover er å ivareta den verdiskapinga som bedrifta står for, seier Beheim, som legg til:– Og som den rolege Sogningen eg er så går vi sakte framover!