NAV Rekrutteringsteam Nordfjord har invitert utstillarar (bedrifter) og arbeidssøkjarar til jobbmesse i Stryn kulturhus som skal haldast komande onsdag.

- Ei slik jobbmesse er ikkje arrangert i Stryn tidlegare, opplyser Silje-Katrin Opheim som er NAV Stryn sin representant i rekrutteringsteamet.

På jobbmessa kan arbeidsgjevarar profilere bedrifta si, presentere rekrutteringsbehov og snakke direkte med jobbsøkjarar. Det vere seg folk som er i ferd med å skifte jobb eller nyutdanna studenta eller lærlingar.

Rekrutteringsteamet oppmodar jobbsøkjarar om å nytte sjansen til å treffe arbeidsgjevarar med behov for arbeidskraft. Det kan vere alt frå ledige sesongjobbar, sommarjobbar, deltidsstillingar og vikariat tiil faste stillingar.

Det var i oktober i fjor at at NAV-kontora i Selje, Vågsøy, Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn starta "Rekrutteringsteam Nordfjord" med fokus på rekrutteringstenester til arbeidsgjevarane i regionen.