Denne påska kan publikum oppleve ei kunstutstilling av akvarellar og måleri i Innvik Gamle Prestegard.

Kari Bergh stiller ut akvarellar med tema frå Det Gamle Testamentet, medan Magne V. Kristiansen har salsutstilling av landskapsmåleri.

– Treffe rette fargane

Kari Bergh frå Innvik har stilt ut akvarellar med utgangspunkt i dei tolv steinane og Arons kledning i 2. Mosebok kapittel 28. Ho har arbeidd for å treffe dei rette fargane det står om i Bibelen.

– Alt skal vere i visse fargar, og alt er så detaljert. Heile paletten måtte eg bruke, seier ho.Opp gjennom åra har ho både brukt akvarellmåling og tekstilarbeid. Mellom anna har ho dekorert frontveggen i møtesalen på Innvik fjordhotell med eit tekstilarbeid med kristen symbolikk.

Landskapsmåleri

Magne V. Kristiansen frå Fjelli arbeidar i hovudsak med landskapsmåleri, og uttrykkjer seg i ein klassisk, figurativ stil. Han målar motiv frå blant anna Nordfjord, Statt, Hoddevika og Kråkeneset. Han driv no på heiltid frilans kunstverksemd med hovudfokus på friluftsmåleri. Verksemda omfattar oljemåleri, akvarell, illustrasjon, brosjyre-materiell og kursverksemd.

- Eg kan gå ein heil dag der eg tar om lag 2000 naturbilete, for så å setje meg ned å måle. Eg er veldig avhengig av å sjå bilete framfor meg når eg målar, seier han.

- Får vist seg fram

Magne V. Kristiansen fortel at dette er ein god moglegheit å få vist seg fram på, og presentere det ein har arbeidd med på ein skikkeleg måte.

– Å lage ei utstilling er ikkje berre å henge opp bilete hulter til bulter, ein må ha ein samanheng og tråd i det etter tema. Av og til kan det vere lett, men det kan også vere vanskeleg, seier han.

Historisk prestegard

Kari Bergh har ein gong tidlegare hatt kunstutstilling i den gamle prestegarden, og ho tykkjer bygget er fantastisk flott. Dette bygget er frå 1759, og har mykje historie bak seg. Der er også stilt ut gamle presteportrett frå Innvik kyrkje frå 1600-talet. Under opninga fortalde Dag Vanberg blant anna om historia til bygget og dei gamle presteportetta. Den gamle prestegarden er ein høveleg stad for utstillingar og kurs, og bygget har vernestatus. Arrangør av utstillinga er Innvik Sokneråd. Den er open heile påska fram til 1. påskedag, og dei håpar på mange besøkande.