- På cruisekaia i Olden er det eit særdeles velsmurt maskineri som fungerer utruleg bra. Eg ser ikkje logikken i å flytte all bussoppstilling til Myklebusttomta 650 meter vekke når det ikkje byr på problem å handtere bussane på kaia, sa Frode Briksdal på cruisemøtet i Olden.
Frode Briksdal som er aktør på kaia og m.a. driv Mølla, er svært kritisk til avtalen som Stryn kommune er i ferd med å inngå med Nordfjord Havn IKS.
- Eg vil oppmode om at ein lyttar til innspela som kom under arbeidet med kommunedelplanen, poengerte Frode Briksdal.