Ordførarane i Stryn, Hornindal og Volda har endå større tru på kommunesamanslåing over fylkesgrensa etter at dei saman med ordføraren i Ørsta hadde møte med kommunalminister Jan Tore Sanner måndag. Ordførar Stein Aam i Ørsta er den mest tilbakehaldne, men har samtidig litt vanskar med å sjå Ørsta åleine i eit scenario der Volda, Hornindal og eventuelt Stryn går saman.

Møte med kommunalminiisteren vart avtalt då dei fire ordførarane frå Stryn, Hornindal, Volda og Ørsta møttest i Hornindal før jul. Målet med møtet var å få svar på eventuelle problem eller hinder ved å slå seg saman over fylkesgrensa.

- Det var eit godt og konstruktivt møte med løysingsorienterte partar på alle sider av bordet. Vi fekk avklart at utsetjing av frist er uaktuelt fordi det vil medføre presedens som kan utsetje heile kommunereforma. Men det var gledeleg å få stadfesta at statsråden er positivt innstilt på å finne løysing over fylkesgrensa. Han sa fleire gonger at fylkesgrensa skal ikkje vere noko hindrer, seier Stig Olav Lødemel og Sven Flo etter møtet.

- Dei problem vi måtte oppdage undervegs skal vi melde inn skriftleg, så har Sanner lova at han eller andre statsrådar skal avklare etter kvart, seier Lødemel.

- Korleis stiller Sanner seg til kommunesamanslåing over fylkesgrensa langs Kvivsaksen?

- Han ser det som spennande. Samtidig lurte han på kvifor akkurat vi sat der i dag og ikkje folk berre frå Nordfjord eller søre Sunnmøre. Vi fortalde at det på grunn av nye samferdsleårer er heilt naturleg å sjå på samarbeid gjennom Kviven. Samarbeid som har eksistert på mange område i nær sagt alle år, men som er betydeleg enklare med ny veg, seier Lødemel.

- Kva trur du om samanslåing etter dagens møte?

Eg er definitivt ikkje svekka i trua. Eg er meir positiv etter møtet og det verkar som alle er opptekne av å finne gode løysingar. Og Sanner har lova at han skal gjere det han kan.

- Kan det likevel ende med at Stryn og Hornindal slår seg saman på den eine sida av grensa og Ørsta og Volda på den andre?

- Eg trur ikkje det skjer. Stryn og Hornindal saman er berre 8.400 innbyggjarar, medan Volda åleine er 9.000 og Ørsta 10.600, seier Lødemel.

Jørgen Amdam, ordførar i Volda, seier Hornindal er ein svært interessant partnar for Volda.

- Det enklaste i dag er samanslåing mellom Volda og Hornindal. Dei to kommunane heng saman med tette og nære kommunikasjoner. Vi i Volda kan få løyst mange av Austefjorden sine behov innan skule, barnehage og omsorgstenester i Hornindal, medan Hornindal vil få mange nye offentlege servicetilbod i Volda, seier Amdam.

Sven Flo, ordførar i Stryn, ser modellen med samanslåing av fire kommunar som mest realistisk sjølv om Stryn og Hornindal parallelt køyrer eitt løp med intensjonsavtale mellom berre desse kommunane.

- Ut frå diskusjonen i dag meiner eg dette er mulig å få til og eg registrerer at Ørsta er på gli. Det nye inntektssystemet viser at kommunar på vår storleik kjem dårleg ut ved å stå åleine. Tal frå KS viser at vi tapar nær seks millionar kroner i året i 15 år. Det er eit godt fleirtal på Stortinget som vil ha kommunereform. Dette er ikkje noko som går over av seg sjølv. Sanner poengterte dessutan at samfunnsutviklinga med reduserte oljeinntekter og utfordringar elles i samfunnet gjer at det vert mindre pengar å dele på kommunane i framtida, seier Flo.

Jørgen Amdam seier at ein ved å slå saman fire kommunar til ein må lage ein god nivådemokratimodell.

- Då snakkar vi om lokalpolitiske utval med direkte val som får ein del fullmakter i forhold til det sentrale fellessyret, og som gjer at lokalbefolkninga i alle delar av storkommunen får meir kontroll over nære og viktige ting, seier Amdam.