Vegetasjon kan ta fyr svært lett, ifølgje Varsom.no. Farenivået for skogbrann er måndag justert opp til oransje farenivå på Vestlandet sør for Stad.

– Veldig store område kan bli råka, heiter det i farevarselet.

Skogbrannhelikopteret til staten opplyser på Twitter at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har vurdert situasjonen og set inn ekstra beredskap frå tysdag.

Det blir sett inn eit ekstra skogbrannhelikopter på basen i Sauda fram til torsdag, då det skal gjerast ei ny vurdering.

Resten av områda sør for Nordland har gult farenivå.

I Møre og Romsdal og Trøndelag er det venta nedbør onsdag kveld, som vil leggje ein dempar på skogbrannfaren. Det melder statsmeteorologane på Twitter.

(©NPK)