Tida sidan førre festival i 2019 er nytta godt til å leggje planar for det arrangøren sjølvsagt meiner skal bli tidenes beste.

– Vi er svært mange som har gledd oss noko heilt vanvittig til 3., 4. og 5. juni. Stemninga i dei ulike komiteane som har førebudd Motorfestival Stryn 2022 har vore høg heile tida. Hugs, det er mykje ubrukt energi som vi no tek ut i det som skal bli ein festival med skikkeleg smell. Her er svært mange som har jobba svært godt for at eit publikum på rundt 10.000 skal ha mykje å glede seg til, seier Jørn Sønsterudbråten.

Han lovar ein motorfestival med alle elementa folk ser fram til. Storbilparaden er den største publikumsmagneten, og er i boks. Det å studere storbilane, både i paraden og når dei står oppstilt i sentrum, er eit høgdepunkt for mange. Det same er burnout-showet, utstilling av amcar, gatebil og ikkje minst nybil. Stryn Motorhistoriske og eigen traktorutstilling vil og vere høgdepunkt for mange.

Stage Dolls og The Kids

Festivalbygda Stryn har rykte på seg for å levere. Så når motorbrøla har lagt seg laurdag ettermiddag, er det klart for decibel av ein anna valør.

Då er Per Bolstad Plass, midt i Stryn sentrum, rette staden å vere for alle som vil ha ei skikkeleg god oppleving med norsk 80-tals rock. Med både Stage Dolls og The Kids på plakaten, er Sønsterudbråten sikker på at det vert fullt trøkk og topp stemning. Vi tek neppe mykje feil når vi spår høg allsongfaktor på «Forelska i lærer’n» og andre slagerar.

For alle - i alle aldrar

All energien som er brukt og som vil bli brukt på Motorfestival Stryn 2022, vert gjort for å skape ein god møteplass for alle.

– Konseptet med motorfestival skal vere så breitt som mogleg, både i alder og interesse. Det å rusle rundt i sentrum, kike og få ein god prat, er det viktigaste for mange. For andre er konkurransen på dragbanen eller i storbilutstillinga det viktigaste. Felles for alle er at dei skal ha det kjekt. Det er det vi forsøker å leggje til rette for, seier Sønsterudbråten.

Og då kjem han og inn på det som er minst like viktig: Motorfestival betyr ikkje frislepp og oppheving hverken av fartsgrenser eller trafikkreglar generelt.

– Trafikkreglane er dei same denne helga som dei er alle andre dagar i året. Politiet vil vere til stades, både godt synleg og kanskje og usynleg, for å ta ivare sikkerheita for alle som kjem til Stryn. Anten dei kjem som deltakarar eller publikum.

Bodskapen vår er så enkel som dette: Køyr pent, nyt festivalhelga og følg dei same reglane du føl elles i året. Då vert Motorfestival Stryn ei topp helg for alle!