– Vi leiger ut randoneeutstyr til både vaksne og born. Vi har fire sett til born og 12 sett for ungdom og vaksne. Dette inkluderer ski, sko og skredutstyr om det er ønskjeleg og nødvendig, seier Berge.

Turlaget arrangerer også randoneeturar, både i nærområdet og litt lenger vekke. Truger blir meir og meir populært å bruke, og Indre Nordfjord Turlag har også dette tilgjengeleg.

Alt turutstyret dei har tilgjengeleg kan leigast for ein billig penge. Ein god del av turutstyret blir lånt ut i løpet av vinteren, særleg i vinterferien og i påska.

Planlagte turar med Indre Nordfjord Turlag

Indre Nordfjord Turlag arrangerer følgjande turar i vinter og utover:

18. februar: Viehøe (Strynefjellet), randoneetur

23. februar: Fullmånetur til grillhytta på Tverrfjellet

3. mars: Gulkoppen, randonee

9. mars: Glitteregga, randonee

16. mars: Trollaksla, randonee

17. mars: Ungdomsarrangement, randonee

23. mars: Skarsteinsfjellet, randonee

7. april: Blåfjellet (Utvik), randonee

14. april: Skridulaupen, fjellski/randonee

9. juni: Nuken (Tystigen), randonee

– Ungdomsarrangementet hadde vi i fjor og, med gode tilbakemeldingar. Difor satsar vi på at endå fleire vil vere med i år. Det blir frukost på Lodgen før det blir ut på randotur. Etter turen blir det mat og sosialt opplegg på Lodgen. Dette blir årets friluftshappening for ungdom i Stryn, seier Odd Henrik Berge i Indre Nordfjord Turlag.

Indre Nordfjord Turlag er lokalisert i Stryn og Hornindal, og er eit lokallag av DNT Sogn og Fjordane.