Topptur-entusiast Frank-Jakob Sandbakk har vore på toppen mellom Skjeringsdalen og Glomsdalen på Strynefjellet fleire gonger. Han held Midtstolshyrna som ein av sine favorittar grunna enkel tilkomst, formidabel utsikt og superb nedkøyring. Toppen har ofte gode ski-forhold frå slutten av november og heilt til juni.

Men turen er ikkje av det trygge slaget i forhold til skred, understrekar han.

– Store delar av turen er skredutsett, så bestiginga krev erfaring i både vegval og skredvurdering. Turen bør berre gjennomførast under gode forhold, både når det gjeld skredfare og sikt, påpeikar han.

Øvre del av turen går på bre og her kan det vere opne sprekkar tidleg på sesongen og elles ved lite snø. På toppen må ein også vere varsam mot store skavlar.

Start frå Skjeringsdalssætra

Utgangspunktet for turen er Skjeringsdalssætra som ligg ved rv. 15 mellom dei to første Strynefjellstunnelane. Frå parkeringa, som ofte er brøyta på våren, sklir ein slakt vestover ned til elva og kryssar denne på god bru.

– Herifrå er det stort sett oppover. Ta sikte på den markante ryggen til venstre i hengedalen og følg den til brekanten og vatnet som ligg på 1.125 høgdemeter.

Hengedalen: Her ser ein vegen opp hengedalen der ein går ryggen til høgre opp mot venstre. Prikkane øvst i midten er skiløparar. Eit skred har gått frå aust. Foto: Frank-Jakob Sandbakk

Rygg er ofte trygg, men ver merksam på at nedre del av ryggen er i utløpssona for dei store skreda som går her om våren, seier Sandbakk.

Så seint som våren 2020 gjekk eit stort skred over ryggen på denne ruta.

– Nedre del bør ein difor unngå seint på dag på varme vårdagar, rår han.

Opptur: På veg opp frå vatnet som ligg nede til venstre der ein kan sjå fleire skiløparar. Rv. 15 nede til høgre. Foto: Frank-Jakob Sandbakk

Frå vatnet kryssar ein seg sørover og opp på breplatået. Herifrå siktar ein seg inn på toppen som frå denne sida er forma som ein pyramide. Toppen har lettast tilkomst frå sør.

– Utsikta er fantastisk både mot Flofjellet, Austlandet og over Jostedalsbreen, seier han.

Storslåtte fjell: Turen er rundt seks kilometer ein veg. Omgjevnadane er storslåtte, men dette er ingen trygg tur. Foto: Paal A. Lund / Uglefisk Foto

2,5 – 4 timar opp

Dei fleste vel same nedkøyring som oppstigninga som er jamt bratt med ein hellingsgrad mellom 20–35 grader, avhengig av vegval, seier han.

Han legg til at på skredsikre dagar kan ein ta ei alternativ nedkøyringsrute nordover frå brefallet til vatnet.

– Denne er jamt bratt, skredutsett og krev erfaring. I tillegg må ein rekne med noko staking ned mot dalen og labbing tilbake til bilen. God tur, avsluttar Sandbakk.

Blå strek syner ruta opp. Alternativ og bratt rute ned i raudt. Foto: Kartverket

Dei fleste må rekne å bruke mellom 2,5 til 4 timar på dei seks kilometerane opp.

Turen er altså ca. 13 kilometer lang, tur-retur.