Stryn kommune innfører totalt bålforbod.

– Vi erfarer at folk ikkje respekterer det generelle forbodet mot å gjere opp eld i, eller i nærleiken av, skog og annan utmark utan løyve frå kommunen. Dette forbodet gjeld frå 15. april til 15. september, skriv brannsjef John Jatgeir Vinsrygg i ei pressemelding.

Tilløp til brann i skog og mark siste tida gjer at Stryn brannvesen innfører frå og med i dag 28. mai totalforbod mot å gjere opp eld utandørs i Stryn kommune. Det inneber at det ikkje er lov å grille eller tenne bål i skogen, i marka eller på stranda. Ein kan heller ikkje bruke dei faste bålplassane i skog og utmark, eller brenne bråte når det er totalforbod.

Grilling i eigen hage er som regel greitt, så lenge ein passar godt på. Totalforbodet gjeld inntil det kjem betydelege mengder med nedbør, står det i pressemeldinga.