Fiskeoppdrettarar som ønskjer å utvide produksjonen i 2016, kan søkje om dette innan 1. september. Vekst skal gjevast mot vesentleg strengare miljøkrav når det gjeld lakselus, går det fram i ei melding frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Kravet inneber at det ikkje skal vere meir enn 0,2 vaksnes holus per oppdrettsfisk i snitt på lokalitetar der konsesjonar med utvida kapasitet vert nytta. Grensa på 0.2 skal haldast ved bruk av maksimalt to medikamentelle behandlingar per produksjonssyklus.

- Vi er særleg opptekne av å ha effektive tiltak for å motvirke den negative utviklinga med resistens mot lusemiddel langs heile norskekysten, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.