Når Dream World Cruise Destination skulle kåre verdas beste turistattraksjonar, var det bestemte krav og kriterier som blei teke i betraktning. Vinnarane vart dei med best kombinasjon av produkt, vennlig personale og effektiv organisasjon. Briksdalsbreen var den einaste norske attraksjonen som kom med på lista, på linje med sju andre attraksjonar kring om i verda.
- Briksdalsbreen har ikring 300.000 besøkande kvart år, og stiller på linje med Alcatraz i California, og Machu Picchu i Peru. Dette er ein manifestasjon på at vi har lukkast med det vi driv med, fortel Rogeir Haugen, dagleg leiar i Oldedalen Skyss, og marknadsansvarlig i Destinasjon Briksdal.
Destinasjon Briksdal er eit samlebegrep på bedriftene i indre del av Oldedalen, og Briksdalen. Desse inkluderer Briksdalen fjellstove, Briksdal Breføring, Oldedalen Skyss, Melkevoll bretun og Trollbu.
- Vi har eit godt samarbeid mellom bedriftene og produkta vi tilbyr, dette gjer at vi samla klarar å levere ein god pakke til dei besøkande, fortel Rogeir Haugen som er takksam for slik ei eminent anerkjenning. Han legg til at det ikkje har vore ei einaste negativ tilbakemelding frå turistane i år, dette er ganske utruleg.
Les meir i papiravisa