I løpet av november 2016 får innbyggjarane på strekninga Gausemel/Lødøen – Møre grense tilgang på breiband. Også andre deler av kommunen kan sjå fram til «raskare tider» innan eit år eller to.

Sentrumsområdet har for lengst fått tilgang på fibernett. Det same gjeld verksemder frå Grodås og inn til Fannemel. No står andre deler av kommunen for tur.

– Til våren blir det anleggsstart for legging av fiber frå Gausemel /Lødøen til Møre grense. Enivest har fått kontrakten med krav til ferdigstilling i november 2016. I samband med dette prosjektet vonar vi å få bygt ut fiber til Gausemel-Lødemel-Lillestøl-Ytrehorn og Otterdal, opplyser avdelingsleiar Sigurd Muldsvor.

Kommunen har også gjeve klarsignal for delprosjektet som omfattar husstandane i Svor, Kjøs og Maurset. Her er det totalt 76 som er potensielle fiberabonnentar.

– Dette prosjektet vert lyst ut snarast råd med tanke på oppstart i 2016 og ferdigstilling seinast 18. desember 2017, fortel Sigurd Muldsvor.

– Hornindal ligg godt an med breibandutbygginga?

– Ja, når vi har fått gjennomført desse prosjekta, vil det vere hundre prosent breibanddekning i Hornindal kommune, slår avdelingsingeniør Sigurd Muldsvor fast.