Verdscupen i skiskyting held fram i Rupholding i ettermiddag. Normaldistanse, 20 km, står på programmet. Denne øvinga er kun gått ein gong tidlegare denne sesongen, og då enda det ikkje så veldig bra for Stryn og Markane sine håp, Tarjei og Johannes Thingnes Bø. Eldstebror på 22. og Johannes på 19.

Begge brørne har synt knallform siste veka, med fleire pallplassar på sprint og fellesstart. Men på normaldistanse er standplassbesøka meir avgjerdane, sidan det blir delt ut tilleggsminutt for kvar bom.

Før helgas runde ligg Tarjei på 3. plass i verdscupsamandraget med 408 poeng og Johannes på 9. med 291 poeng. Martin Fourcade leiar med 541 poeng.

Fredag er det stafett og laurdag blir Rupholding-opphaldet avslutta med fellesstart.