Ved årsskiftet starta Mattilsynet med "smilefjestilsyn".
Over 100kafear og restaurantar i Nordfjord vil bli vitja av våreinspektørar. Det er Omsorgsdepartementet som har bede Mattilsynetom å etablere ei nasjonal smilefjesordning i Norge. Smilefjestilsynmedfører inga endring i regelverket Mattilsynet allereie førertilsyn etter. Det nye er at resultatet av tilsynet vert uttrykt medeit smilefjessymbol, og at dette vert hengt opp godt synleg fråutsida av serveringsstaden. Symbol vert framstilt med eitsmilefjes, ein strekmunn eller surmunn, avhengig av resultatet avtilsynet. - Smilefjestilsyn er bra for den seriøse delen avserveringsbransjen, som endelig får synt at dei held høghygienestandard. Og det er bra for publikum som på enkelt vis kansjå kva serveringsstader som følgjer regelverket. Smilefjes seieringenting om maten er god eller sunn, men at maten som vert serverthar høg mattryggleik. Smilefjes blir vårt største prosjekt i 2016,og i Nordfjord står no våre inspektørar klare til å starteordninga, seier avdelingssjef Are Natland Bøe i Mattilsynet. Kantiner, matservering påinstitusjonar, bensinstasjonar eller storkioskar er ikkje omfattaav smilefjesordninga, men vil få ordinært tilsyn av Mattilsynet. Mattilsynet harsidan 2007 hatt ein smilefjes-pilot i Trondheim, Kristiansund ogLevanger, og har sidan oppstart gjennomført over 5.600smilefjestilsyn. Målet er eit einskaplegsmilefjestilsyn basert på dei same kontrollpunkta over heilelandet. Mattilsynet har også hatt tett kontakt medbransjeorganisasjonane, og ein omfattande informasjonspakke ersendt til alle verksemdene som vert omfatta av ordninga. - Erfaringafra piloten i Midt-Norge viser ei kraftig betring i hygienestandardog andre område som blant anna mathandtering, sporing og merking.Ved oppstart i 2007 fekk 20 prosent av serveringsstadane symbolastrekmunn og ca. 1 prosent surmunn. I dag får ni av ti verksemdersmilefjes, og berre 10 prosent pålegg om utbetring elleralvorligare verkemiddel, opplyser Mattilsynet i ei pressemelding.
Smilefjestilsyn er ein del av Mattilsynet sine strategiske målsetnad om å bli meir synleg og tydeleg. Resultatafrå smilefjestilsynet vil derfor også bli publisert påwww.matportalen.no/smilefjes.