Tidlegare ordførar i Stryn, Oddvin Drageset (78) har fylgt med i cruiseaktiviteten i Olden i alle år etter at betongkaia for turistskipanløp med plass for eitt skip vart bygt tidleg på 90-talet. Seinare, i 2002 overtok Nordfjord Havn IKS cruisekaia med unnatak av sjø- og landområdet mellom kaia og sandtippen.

Det melde seg snart behov for ei framtidsretta cruisekailøysing. Reguleringsplan vart til og med godkjent i kommunestyret i 2007 etter ny utbyggingsmodell for ny fastkai, men ingenting skjedde.

Rett å offentleggjere innhaldet

Drageset har no leita fram eit notat som han og tidlegare rådmann Harald Risnes utarbeidde i 2012 etter at dei hadde forlete verva sine. Det handla om kva som burde skje omkring utviklinga av kaianlegget og drifta i framtida. Oppdraget vart gjeve av Aslak Lefdal som gjennom selskapet Nordfjord Service Terminal drifta kaianlegget. Notatet til Drageset og Risnes kom ikkje lenger enn til mottakarane som var oppdragsgjevaren og med kopi til Stryn kommune.

- Notatet skulle skulle vore stempla inn i postlistene eller blitt politisk sak. Vi oppfatta ikkje notatet som partsinnlegg sidan der var godkjent av leiinga i kommunen, seier Drageset. Han la til at dei gjorde jobben gratis. Han finn det rett å offentleggjere innhaldet i notatet no:

- Eg ser det er stor frustrasjon omkring avtaleutkastet mellom Stryn kommune og Nordfjord Havn. Difor vil eg med notatet vise at det er fleire alternativ til løysing, seier Drageset.

- Burde ut av samarbeidet

- Kva var konklusjonen?

- For Olden som framtidig cruisedestinasjon i cruisesamanheng såg vi framtidig samarbeid med Nordfjord Havn som det minst aktuelle. Vi kom til at Stryn kommune burde trekkje seg ut av det interkommunale hamnesamarbeidet i Nordfjord og etablere sitt eige hamneområde. Det skulle vere klar nok tale, seier Drageset.

- Om du skulle gje råd i dag, ville du gått for utmelding?

- Ja, og avtalen bør skrinleggast. Cruisesaka er ei viktig sak for Stryn kommune. Det har gått for langt. Ingenting har skjedd i Olden, heller ikkje av nemneverdig vedlikehald. Kvifor skal vi sende pengane til Nordfjord Havn når vi kan styre havneområdet sjølve? I notatet vårt vart det rekna at Pontoonprosjektet til Nordfjord Service Terminal ville kreve ca. 60 millionar kroner i investering og 15 % av dette som tilskot.

- Stryn kommune må ha styringa

- Vidare rekna vi dei maritime inntektene på kaia til over 5 millionar kroner. I tillegg ville det bli ytterlegare inntekter på tenestetilbod og anna bruk av kaia. Å forrente investeringa ville neppe vore problem. Sjå berre Alexandra si investering på rundt 200 millionar kroner med lift til Hoven. Om Stryn kommune tek tilbake, kjøper kaia og tippen, kan utbygging og drift konkurranseutsetjast, seier Drageset.

Han legg til at dersom Nordfjord Havn overtek all eigedom, mistar Stryn kommune all styring.

- Stryn kommune må vere på bana og ikkje overlate ting til andre som ikkje har dei same interessene, seier Drageset med klar adresse til Nordfjord Havn.