Elise Bødal frå Stryn er nettopp ferdig utdanna grunnskulelærar for 5.-10. årstrinn, og kan skilte med toppkarakter i alle fag.

På heimesida til Høgskulen i Volda er Elise Bødal intervjua av Ann Karene Rasmussen.  Der fortel ho fylgjande:

– Eg er opptatt av å gjere det beste eg kan. For meg er det viktig med struktur, og å ha ein plan for korleis eg skal komme meg igjennom. Skippertak fungere ikkje for meg, seier Bødal lattermildt.

Med sambuar i Stryn har ho i alle dei fire åra i pendla til Volda for å studerer ved høgskulen.

– Eg har hatt ei fast pendlevenninne som har tatt dei same faga som meg, så vi har hatt mange timar til å diskutere fag.

Ho har ho valt å fordjupe seg i naturfag, matematikk, og samfunnsfag.

– Realfag er det eg likar best. Eg likar å ha fasitsvar. Eg hadde matematikk, fysikk og kjemi på vidaregåande, noko som har vore ein fordel i faga matematikk og naturfag på høgskulen. Eg valte så samfunnsfag framfor engelsk fordi geografi interesserer meg.

Med små klassar fortel ho at dei blir godt kjente med både dei andre studentane og lærarane.

– Det er veldig enkelt å få hjelp om ein lurer på noko. Det er jamt over veldig gode lærarar og forelesarar, men eg er spesielt fornøgd med lærarane i matematikk.

Trass i upåklagelege resultat har ikkje Bødal sete med hovudet i bøkene heile tida.

– Eg har ikkje jobba så mykje med skule på kveldane og i helgene, men utnytta timane på dagen. Eg har slik hatt tid til både trening og ekstra jobb.