Onsdag var det på dagen 100 år sidan Amtstinget for Nordre Bergenhus amt gjorde vedtak om å skipe husmorskule i Stryn. Stryn vidaregåande markerte dagen med innbedde gjester på skulen og i Kong Oscar salen på Visnes, der det historiske vedtaket vart gjort.

- Lukke til med dei neste hundre åra, sa leiaren i hovudutvalet for undervisning, Norvall Nøringset som overrekte ei eik som skal plantast i hagen ved skulen. Nøringset gratulerte med dagen på vegne av fylkeskommunen.

Inspirert av borddama under middagen, 96 år gamle Borghild Sandvik Næss, tok Nøringset til orde for at skulehistoria i Sogn og Fjordane burde skrivast ned. Tidene har endra seg frå det vedtaket som vart gjort for hundre år sidan og i til i dag, der fylket er leverandør av TV-kokkar og elevane hentar impulsar frå Spania. Utvalsleiaren ville ikkje kome med spådomar kring framtidige strukturendringar, men vona at eiketreet skulle vekse seg stort og kraftig til neste hundreårs jubileum ved skulen.

Rektor Kirsti Horne såg viktige symbol i treet som skal plantast. Eit tre full av livskraft som kan symbolisere både ny kunnskap, kommunikasjon, samhandling og nettverk på tvers av både kommunegrenser, fylkesgrenser og landegrenser.

Les meir i papiravisa