Utbetalingane i Fjord1-saka er i samsvar med regelverket, meiner fylkeskommunen sitt eige kontrollutval.

Det fylkeskommunale kontrollutvalet meiner etter ein gjennomgang av dokumenta at utbetalingane til konsulentane i samband med Fjord1-salet har gått rett føre seg, og at fakturaene frå advokatfirmaet Wiersholm AS og DHT Corporate Services AS til fylkeskommunen er tilstrekkeleg dokumenterte.

- Eit samrøystes kontrollutval vedtok at dei ikkje kan sjå at fylkeskommunen sine eigne rutinar, eller lov og forskrift, er brotne i samband med utbetalingane. Og kontrollutvalet finn ikkje grunnlag for å gjennomføre ytterlegare undersøkingar eller kontrollhandlingar i saka, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Men sjølv om kontrollutvalet ikkje fann grunnlag for å gå vidare med saka om fakturaene og bilaga vart det vedteke at revisjonen skal gå igjennom avtalen med konsulentane for å kontrollere om avtalen er inngått og utført i samsvar med lov om offentlege anskaffingar.

– Vi er ikkje fagpersonar på innkjøpsreglane, og difor finn vi det naturleg å be revisjonen om å gjere ei skikkeleg fagleg vurdering av om lover og reglar er følgd i samband med avtalen, seier utvalsleiar Frank Willy Djuvik.

Djuvik seier kontrollutvalet har hatt ein grundig gjennomgang av alle fakturaer frå DHT/Wiersholm til fylkeskommunen og har fått tilgang til, og gjennomgått, samtlige bilag til fakturaene. – Bilaga er spesifisert ned til minste detalj, og bilagskvaliteten er langt betre enn det både bokføringslova, og fylkeskommunen sine kontrollfunksjonar krev. Alle utlegg og reisekostnader som mellom anna flybillettar, overnattingar, diett og bespisning er grundig spesifisert og dokumentert i bilaga, og er kontrollerte opp i mot aktiviteten til, og avtalen med, Wiersholm/DHT, seier Djuvik i følgje pressemeldinga.

Etter lova er det Advokatfirmaet Wiersholm AS og DHT Corporate Services AS som har ansvar for å kontrollere, utbetale og oppbevare reiserekningar frå eigne tilsette, på same måten som det er Sogn og Fjordane Fylkeskommunen sitt ansvar å gjere det same for fylkeskommunalt tilsette og folkevalde. Årsaka til dette er at ein har innberetningsplikt ovanfor myndigheitene når det gjeld skatte- og avgiftslovgjeving.

Djuvik seier det ikkje er grunnlag for å krevje innsyn i dei enkelte personalmappene til tilsette i Wiersholm eller DHT for å kontrollere reiserekningane dei har levert og fått utbetalt av eigen arbeidsgjevar, då det ikkje føreligg  avvik eller uregelmessigheiter i fakturaspesifikasjonane som skulle tilsei ein slik omfattande kontroll.

– Kontrollutvalet utfører sine kontrollhandlingar basert på om det føreligg risiko for regelbrot eller uregelmessigheiter, og vi ser ikkje grunnlag for å gjennomføre denne typen ekstraordinær kontroll ovanfor Wiersholm/DHT, då vi ikkje finn at det her føreligg ein slik risiko, seier han.

– Fylkeskommunen har ikkje rutine for å krevje innsyn i reiserekningar til alle tilsette hos fylkeskommunen sine leverandørar, då dette ville føre til at ein måtte hatt ein enorm stab for å føre bilagskontroll med tusenvis av tilsette hjå entreprenørar, IKT-firma, elektrofirma, transportselskap, og alle andre firma som leverer tenester til fylkeskommunen. Desse selskapa har eigne rekneskapsrutinar og eigen revisjon som skal avdekke misleghald og feil. Fylkeskommunen på si side krev dokumentasjon i form av spesifiserte fakturaer slik at det skal kontrollerast at utbetalinga er i samsvar med ein eventuell avtale eller oppdragsbeskriving. Desse rutinane er i tråd med bokføringslova med tilhøyrande forskrifter, fortel Djuvik.