Då Stryn slo Tornado-Måløy 3-0 i første kvalikrunde til NM-cupen onsdag kveld, spelte keeper Fredrik Hanssen sin første terminfesta kamp for Stryn.

Og debuten kunne knapt vore betre for 22-åringen frå Førde. Midtvegs  i første omgang, i ein fase der TMFK var i ferd med å overta spelet, redda Hanssen mellom anna  straffesparket du ser her.

- Ein perfekt debut, oppsummerte Stryn sin nye keeperkjempe etter kampen.