Vest Politidistrikt går no breitt ut over heile Vestlandet og etterlyser gjerningsmennene bak det grove tjuveriet i gullsmedforretning i Odda i dag tidleg, der tjuvane braut seg gjennom veggen. Politiet har sendt ut video frå overvakingskamera og fleire bilde av gjerningsmennene, og håpar no på tips.

Politiet opplyser at innbrotet skjedde i 06.20-tida i dag tidleg.

Bilde frå overvakingskamera.

- Vi ønskjer tips i saka. Har du tips kan du ringe Vest politidistrikt på 02800 eller 55556300 , seier Terje Magnussen, operasjonsleiar for Vest politidistrikt.