Tysdag var sentrale personar i arrangementskomiteen samla for å gjere opp førebels status. Det er enno nesten fire månader til løpa 13. og 14. juli, men etter å ha fulgt møtet frå sidelinja skjønar ein at det er mykje folk som må på plass og mange oppgåver som skal fyllast når orienteringsløparar frå inn- og utland inntek Fjelli.

– Utfordinga blir å få på plass nok funksjonærar sidan dette er midt i fellesferien, men vi klarte det sist, seier løpsleiar Jon-Rune Heimlid, og nikkar mot arrangementspermen frå 2006, sist idrettslaget var med og arrangerte. Den gongen heitte det Nordvestgaloppen.

– Vi treng nye arrangør t-skjorter, dei frå sist byrjar å bli litt slitne, vart det spøka rundt bordet.

Samarbeid med Emblem

IL Veten har gått saman med Emblem IL utanfor Ålesund for å avvikle dei fire løpa som inngår i arrangementet. Dei to første løpa skal gjennomførast i terrenget ved Nordfjord Fritidssenter, medan dei to siste vil finne stad på Emblem. Ivar Bergset leiar hovudkomiteen for arrangementet totalt, og der har han med seg syskena Berit og Anders. Sistnemnde er nestleiar. I tillegg er Emblem representert med tre personar.

Fjord-O er eit arrangement som brukar samle heile orienteringsfamilien. Løparar frå barnehagealder til godt inn i pensjonistalder kjem for å konkurrere og møte likesinna. Mange kjem i bubilar, nokre teltar og nokre bur på hytter. I tillegg lagar arrangøren O-camp.

– Den blir ved Stryn vidaregåande skule og her ved fritidssenteret, fortel Anita Roset som har ansvar for den biten. Andre oppgåver knytt til arrangementet er barneaktivitetar, løypelegging, arena, sal og service, parkering, teknisk, premiar, sponsorar, kiosk, økonomi og data (påmelding, start- og resultatlister m.m.)

Dugnad og hugnad

– Eg har to overordna mål når vi går inn i dette. Dei eine er at alle som kjem hit skal ha det fint under opphaldet. Det andre er at når vi brukar så mange dugnadstimar bør idrettslaget site att med eit bra overskot, seier Heimlid.

– Ein dag utan dugnad er ein dag utan hugnad, kjem det kjapt frå Svein Arild Bergset, til stor latter rundt bordet.