Søndag klokka 09 gjekk eit tjuetals morgonfriske undomar inn i butikken til Bunnpris Stryn for å hjelpe til med vareteljing.
- Aldersbestemte klassar si deltaking i vareteljinga er noko som ligg inne i sponsoravtalen med Stryn Fotball, fortel disponent Bjørg Egge til Fjordingen.
- Kor mykje pengar er det snakk om?
- Bunnpris Stryn sitt sponsorbidrag til Stryn Fotball er på 35.000 kroner. I tillegg sponsar vi Flo Aktiv, fortel Bjørg Egge.
- Ungdomane gjer ein god jobb under vareteljinga?
- Ja, det har fungert veldig godt tidlegare år. På denne måten får vi hjelp til vareteljing og dei pengar til sin fotballaktivitet. Med andre ord vinn-vinn, slår Bjørg Egge fast.