I juni 2002 møttest Eva Fuglestrand, Christian Prestegård og Richard Grov for å planlegge første Skåla Opp.

– Vi var godt fornøgde då det melde seg på eit par hundre deltakarar. At talet no er tidobla, overgår alle mine draumar for Skåla Opp, seier Eva Fuglestrand til Fjordingen.

– Kva var bakgrunnen for å starte Nord-Europas tøffaste motbakkeløp?

– Som salskonsulent på Hotel Alexandra, var eg oppteken av at vi skulle få til eit arrangement siste veka før skulestart. Christian Prestegård som då jobba i Terra og hadde mange arrangement her på hotellet, kom ein dag og sa: «Loen har det flottaste fjellet og det beste hotellet. Det må vi gjere noko med». Dette skjedde i juni. I august same året vart Skåla Opp arrangert for første gong.

– Dette er eit arrangement som har sett Loen på kartet?

– Ja, og det aller kjekkaste med Skåla Opp er å sjå den eineståande dugnadsånda som er i Loen. Eg blir veldig glad når folk kjem og spør om det er noko dei kan hjelpe til med. På arrangementsdagen jobbar nærare 150 funksjonærar. I denne samanheng må Olden Raude Kross Hjelpekorps nemnast. Dei har vore med kvart einaste år, fortel Eva Fuglestrand.

«Mor Skåla Opp» røper ei lenge bevart hemmelegheit.

– Før 2002 hadde eg ikkje vore ein einaste gong på Skåla. Men etter den tid har det blitt fleire turar. Og i dag (laurdag) er det ekstra kjekt å sjå sonen min mellom deltakarane, seier ho.