Nyhende →
NM-sølv til Ronny Hafsås
Ronny Hafsås frå Stårheim gjekk inn til NM-sølv på 15 kilometer fristil i Granåsen. 22-åringen var 3,6 sek bak norgesmeister Morten Eilifsen. -Eg opna forsiktig for å ha krefter igjen siste fem km, fortalde den glade sølvvinnaren til NRK. Reinar Aaland, Hornindal vart nummer 71. (Foto frå NRK/TV)