Queen Mary 2 la til kai i Olden torsdag morgon. Dette var verdas største cruiseskip då ho vart bygd i 2003. Foto: Inge Fænn

Inntil for fem år sidan var ho den største i verda. Om ho er passert av andre i storleik, er Queen Mary 2 uansett det største cruiseskipet som nokon gong har lagt til kai i Olden. Torsdag morgon kom ho stilt inn Innvikfjorden før ho elegant la til kai i Olden. Folk i Stryn kommune som har utsikt over fjorden fekk seg dermed ein stor og sjeldan attraksjon til morgonkaffien.

Mange skodelystne stod på kaia i Olden då Queen Mary la til. Hornmusikk og vasskanonar helste dronninga velkomen.

Queen Mary 2 var verdas største cruiseskip då ho vart bygd i 2003. Skipet er 344 meter langt og 62 meter høgt. Maksimalt passasjertal er i overkant av 3.100.

Les meir i papirutgåva

Queen Mary 2 på veg mot Olden, fotografert frå Hogane. Foto: Ove André Aarskog
Queen Mary 2 snur på fjorden før ho legg til kai i Olden. Foto: Egil Aabrekk
Det store cruiseskipet Queen Mary 2 er eit populært skue for dei forbipasserande. Foto: Inge Fænn
Sjølv på god avstand er det vanskeleg å unngå å sjå 344 meter lange og 62 meter høge Queen Mary 2. Foto: Inge Fænn
Queen Mary 2 ruver majestetisk ved kai i Olden. Foto: Inge Fænn