Rita Eriksen møtte Eva Cassidy over oppvaskbenken ein vinterdag i 1998. Det vart ei viktig musikalsk oppleving.

– Min dåverande ektemann hadde skaffa cd-en ”Songbird” frå USA, ei god stund før fenomenet Eva Cassidy skulle nå Norge. Han sette på musikken medan eg vaska opp. Det vart eit sterkt musikalsk møte for meg, fortel Rita Eriksen i eit presseskriv. Det var og sterkt då ho fekk høyre historia om gullstrupen som døde så ung på grunn av kreft, fleire år før Songbird vart gjeven ut.

Store klassikarar

Rita Eriksen er spent på mottakinga når ho skal ut og synge eit repertoar, som for første gang ikkje inkluderer hennar eigne slagerar. Men responsen ho har fått, fortel at publikum gler seg til møte med klassikarar som Fields of Gold, What a Wonderful World, Time After Time og You Make Me Feel (Like a Natural Woman).

– Eg hadde lyst til å gjere noko nytt no, og det kjennest naturleg og ekte å framføre desse klassikarane frå den amerikanske songboka frå 1960-, -70 og -80-talet. Musikk som eg også har vakse opp med og som har forma meg musikalsk, seier ho. Ein av dei mest kjende songane til Rita er også med: The Water is Wide.