Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven frå Markane IL gjekk begge løp "sånn midt på treet" under norgescupen på Ullsheim.
Meland uttalte før helga at han håpa på sesongbeste på heimebana. Med fire tilleggsminutt og eit brukbart langrenn, tangerte han 28. plassen frå tidlegare i vinter. Så han har framleis noko å strekke seg etter på sprinten i morgon.
Gjørven var på veg til å gjere eit nytt glitrande løp på standplass. Før siste to skota vart avfyrt hadde han berre pådrege seg ein bom i løpet, men så måtte han legge inn ein liten stopp, kom ut av rytmen og fekk ytterlegare to tilleggsminutt.
- Det er for dårleg. Med desse forholda burde eg i alle fall klart 19 treff, sa Gjørven etter målgang. Farten i sporet er eit langt stykke unna der han ønskjer å vere, men meinte å kjenne små framsteg i løpet som gav ein 31. plass.