Denne klare meldinga kjem frå Ola Yttre, leiar av Ambulanseforbundet i Delta Norge. Han er heiltids tillitsvald i den største organisasjonen for ambulansetilsette i landet og køyrer av og til ambulanse som vikar både i Stryn og Eid.

I samband med kartlegging av responstid for ambulansane har han besøkt ambulansestasjonane i Stryn, Eid og Vågsøy. Den nasjonale målsetjinga er at ambulansen skal nå fram til 90 prosent av befolkninga i distrikta innan 25 minutt.– I dag er vi på 80 prosent i ei tid der det vert kutta i ambulansetenesta. Ei solid utfordring, seier Yttre.

Volda eller Førde

Når han snakkar med ambulansetilsette i Nordfjord får han like klare meldingar om problema føretaksgrensa mellom Helse Førde og Helse Sunnmøre representerer.

– Mange av kollegaene mine er frustrerte over stadige diskusjonar på radiosambandet om kvar pasienten skal køyrast. Eg har opplevd det same sjølv, og kan gjerne bruke eiga oppleving som døme, seier Ola Yttre.– Eg var i Hornindal for å hente ein alvorleg sjuk pasient. Frå Hornindal er det 20 minutt å køyre ambulanse til Volda, til Førde tek det halvannan til to timar, avhengig av føreforholda. Etter å ha fått pasienten i bilen, fekk vi beskjed frå AMK om at vi skulle avvente beskjed om kvar vi skulle køyre. Pasienten var såpass dårleg at vi valde å køyre mot Volda medan vi venta. Først då vi stod utanfor Volda sjukehus kom meldinga om at vi skulle køyre til Førde. Det gjorde vi sjølvsagt ikkje, seier Yttre. Som legg til at dette dømet er berre eitt av mange.– Alt for ofte går det diskusjon over radiosambandet om kvar pasienten skal køyrast. Dette er frustrerande både for ambulansepersonell og pasient og viser at fokus er feil. Uavhengig av føretaksgrensa må det vere næraste sjukehus med relevant tilbod som vert vald ved akutte innleggingar. I staden melder ambulansepersonell at dei stadig må stå og vente på beskjed om kvar dei skal køyre. Med alvorleg sjuke pasientar i bilen er ikkje dette haldbart. Grensene som hindrar raskaste akuttinnlegging må vekk og vi må bli kvitt desse diskusjonane. Eg vil ta dette opp med helseminister Bent Høie sitt kontor, i håp om å få løyst problemet, seier Yttre.