SightSing – Stryn Ten Sing- treffast i Heimskringla i Stryn kulturhus, og koret har halde på i heile 33 år.

Ten Sing er for ungdomar i alderen 13–19 år. Konseptet Ten Sing har fokus på at ungdomane sjølve i stor grad styrer aktiviteten, tek ansvaret for musikken, øvingane, band, dirigering og stemmeøving.

– Berre å bli med

Tidlegare dirigent Siri Nikoline Tenden fortel at SightSing Stryn har hatt ei lita pause det siste året. Etter vinterferien har dei starta opp igjen for å rekruttere fleire medlemmar.

– No er vi i full gong igjen. Ein treng ikkje nødvendigvis vere glad i å synge for å vere med i Ten Sing. Det kan vere drama, dans, band og instrument. Så lenge ein likar musikk, så er det berre å bli med, seier Siri Nikoline Tenden. – Vi treng fleire folk, så kven som helst som har lyst kan kome, seier Jakob Bø, som har teke over som dirigent for koret i år.

– Mange arrangement

Å vere med i Ten Sing er topp, meiner ungdomane.

– Vi har vintertreff, påsketreff og hausttreff. Det er mange arrangement og mykje som skjer. Til sommaren er det Spekter på Kalvøya i Bærum, som er eit heilt nytt prosjekt. Vidare er det andre arrangement som Ten Sing-seminar i Ulsteinvik. Der medlemar i Ten Sing og andre personar elles i heile Norge, kan reise til for å bli kursa innan leiing i musikk, dirigering, song eller solist, fortel Siri Nikoline Tenden.

Utfalde seg kreativt

Ten Sing skjer i eit trygt og inkluderande miljø, med ungt ansvar og vakse nærvær.

Dette er eit kristent ungdomsarbeid, der tenåringane får moglegheita til å utfolde seg kreativt gjennom kor, band, dans, drama og programskaping. SightSing – Stryn Ten Sing er ein plass ein kan både vere sosial og kreativ.– Det er alltid noko spennande som skjer på øvingane. Vi tar imot alle religionar sjølv om det er eit kristent kor og alle frå alderen 13–19 kan komme og vere med, seier Siri Nikoline Tenden. Dei håpar no at fleire har lyst å vere med i eit inkluderande ungdomsmiljø.